Bygging av seksæring

Oselvaren er ein svært gammal båttype, og gjennom dei par siste hundreåra har han vore den mest brukte småbåten på Hordalandskysten, både til fiske og transport. Utviklinga siste hundreåret har gjort at han er vorten ein rein fritidsbåt, og Oselvaren vart sommaren 2009 kåra til Noregs Nasjonalbåt! Båtbyggjartradisjonen er ubroten i Os i alle fall dei siste 250 åra, og heile den opparbeidde kunnskapen knytt til båtbygginga er såleis intakt. I 2016 vart Oselvaren og oselvarkulturen ført opp på UNESCO si verneliste over immateriellkulturarv.
Back to Top